Vår
Kurset omfattar dei viktigaste lækjemidla og lækjemiddelgruppene sin kjemi: tredimensjonale konfigurasjon, syntese, metabolisme og stabilitet. Vidare blir samanhengen mellom tredimensjonal struktur av lækjemidlet og biologisk aktivitet vektlagt. Kurset skal vidare tene som grunnlag for farmakologi og galenisk farmasi.
Etter å ha fullført emnet FARM236 vil studenten ut frå strukturformelen til ei sambinding kunne:
- gjere greie for sannsynleg bruk (lækjemiddelgruppe)
- gjere greie for verknadsmekanisme
- diskutere moglege bindingsinteraksjonar med biologiske makromolekyl
- drøfte eigenskapar som stabilitet og vassløysingsevne
- drøfte absorpsjon, distribusjon, metabolisme, eliminasjon og toksisitet
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller Masterprogram i farmasi for reseptarar eller ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Førelesingar/ 4 timar pr veke
Førelesingar/ 13 veker
Førelesingar/ 52 timar totalt
Kollokvium/ 2 timar pr veke
Kollokvium / 12 veker
Kollokvium / 24 timar totalt
Skriftleg eksamen (4 t). Dersom det er få deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Forelesar og Administrativ ansvarleg finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar på Kjemisk institutt.