Emner: FARM301A Farmasøytisk forskningsmetodikk - Vår 2017




Studiepoeng

3.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet er sett saman av to delar:


Spektroskopi, 2 sp
Biokjemisk metodikk, 1 sp

Spektroskopi:

Denne delen femner om analyse av organiske forbindelsar ved hjelp av spektroskopiske metodar. Infrarød (IR) og ultrafiolett (UV) spektroskopi vil verte gjennomgått, medan hovudfokus er retta mot kjernemagnetisk resonans spektroskopi (NMR) og massespektrometri (MS). Ved hjelp av informasjon frå IR, UV, MS og NMR spektra skal studentane læra å identifisera ukjente forbindelsar. Aktuelle farmasøytiske problemstillingar vil bli gjennomgått.

Biokjemisk metodikk:

Biokjemisk metodikk tek opp teorien bak og praktiske gjennomføring av ein del grunnleggjande teknikkar i molekylærbiologi og biokjemi. Hovudfokus er lagt på reinsing av plasmider, transformering av disse i kompetente bakteriar, PCR, bruk av restriksjonsenzym, SDS-PAGE og western/spott blotting (gjenkjenning av native protein med antistoff).

Læringsutbyte

Spektroskopi

Forklare/greie ut om dei ulike spektroskopiske metodane: IR, UV/synleg, NMR og MS, og kunne tolke spektroskopiske data frå IR, UV/synleg, NMR og MS enkeltvis og kombinert for å avklare strukturen til enkle organiske sambindingar.

Biokjemisk metodikk

Meistre basiskunnskap for dei praktiske metodar som vert nytta i laboratoriekurset, kunne meistre enkle kloningar, PCR-teknikken og å uttrykke rekombinante protein i bakteriar samt kunne bruke SDS-gelelektroforese og Western/spot blot teknikken. Skal og kunne setje seg inn i og meistre vanlege molekylærbiologiske teknikkar samt kunne utføre liknande eksperiment.

Tilrådde forkunnskapar

Spektroskopi: /nb/emne/FARM103FARM103, /nb/emne/FARM110FARM110, /nb/emne/FARM130FARM130, /nb/emne/FARM131FARM131, /nb/emne/FARM250FARM250, /nb/emne/FARM150FARM150, /nb/emne/FARM260FARM260, /nb/emne/MAT101MAT101

Biokjemisk metodikk: /nb/emne/FARM150FARM150

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på kurs i biokjemisk metodikk.

Sjå meir informasjon under vurderingsformer.

Vurderingsformer

Spektroskopi: Skriftleg eksamen (2 timar). Karakter A-F.

Biokjemisk metodikk: Obligatorisk oppmøte på kurs. Karakter Bestått/Ikkje bestått.

 

Den samla karakteren på FARM301A er karakteren som blir gitt på spektroskopi, da biokjemisk metodikk gir karakteren bestått/ikkje bestått.

 

Tillatt hjelpemiddel på eksamen, Spekroskopi: Læreboken (Williams and Fleming: Spectroscopic methods in organic chemistry 6th Edition.). Det er ikke tillatt med notater i læreboken som benyttes på eksamen. Understrekning/markering av tekst, figurer og tabeller i læreboken er tillatt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet Spektroskopi vert karakterskalaen A-F nytta.

Biokjemisk metodikk: Obligatorisk oppmøte på kurs. Karakter Bestått/Ikkje bestått.

 

Kontaktinformasjon

Forelesarar finn du på Mitt UiB. Kontakt eventuelt studierettleiar i farmasi.

E-post:studie@farmasi.uib.no

Institutt

Klinisk institutt 2