Emner: FIL251 Bacheloroppgave i filosofi - Høst 2017




Studiepoeng

20.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.

Kvart semester tilbyr instituttet undervisning i ei rekkje andre emne på 200-nivå. Tema for FIL251 kan vere knytt til eitt av desse undervisningstilboda. Oversyn kva for emne som vert undervist i det einskilde semester finst i Mitt UiB og på instituttet si heimeside.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

Emnet inngår i studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Bestått ex.phil., ex.fac. og avlagd eksamen i emna FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida), FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet), FIL122 (Eit filosofisk originalverk frå antikken til opplysingstida), FIL123 (Eit filosofisk originalverk frå opplysingstida til 1900-talet), FIL124 (Introduksjon til praktisk filosofi), FIL125 (Introduksjon til teoretisk filosofi), FIL126 (Introduksjon til språkfilosofi) og LOG110 (Introduksjon til formallogikk).

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

For studentar som tek emnet i tilknytning til undervisinga i eit av dei opne emna er det faglærar i emnet som fungerer som rettleiar. I andre høve må studenten sjølv kontakte instituttet og få oppnemnt rettleiar.

Individuell rettleiing: inntil 3 timar per student.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal være godkjent av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Studenten legg opp pensum i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no