Emner: FRAN101 Fransk grammatikk - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje kunnskap om fransk språkstruktur særlig innan syntaks og morfologi. Det skal òg gje studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap. Emnet skal òg vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk.

Læringsutbyte

Studentane skal ha fått grunnleggjande kunnskap om det franske språksystemet og ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat. Studentane skal ha utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk.

Studentane skal ha fått nok kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar oversiktsførelesingar og øvingstimar.

Omfanget er 4 - 5 timar per veke i 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet omfattar tre obligatoriske øvingsoppgåver med omfang og innhald omlag som ved ein eksamen. Oppgåvene er obligatoriske for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert dei obligatoriske øvingsoppgåvene innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Kvar oppgåve vert kunngjort ei veke før fristen. Øvingsoppgåvene er gyldige i det semesteret dei er levert inn og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skoleeksamenen:
Eksamen er ein 6 timars skriftleg skoleeksamen der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Eksamen kan bli digital. Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

For å få gå opp til eksamen må studentane ha levert tre obligatoriske øvingsoppgåver; jf. ovanfor.

Eksamensoppgåvene trekkjer inn store deler av pensumet. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er ein større fransk grammatikk skriven på eit skandinavisk språk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Læreboka er skriven i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.

Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på internett.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no