Emner: FRAN254L Fordypning i fransk litteratur - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Fransk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet tek for seg romanen som sjanger i eit diakront perspektiv. Gjennom studiet av fire representative romanar, sette i kulturhistorisk samanheng og i ljos av sentrale, romantekniske omgrep, skal emnet gje eit oversyn over utviklinga i sjangeren frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne skal kandidaten

- ha innsikt i dei utvalte pensumverka i litteratur

- ha kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til dei litterære verka

- ha kunnskap om sentrale romantekniske omgrep

- kunna bruka dei tileigna romantekniske omgrepa i sjølvstendige analysar av dei litterære pensumtekstane

- kunna analysera tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv

- kunna drøfta skriftleg og munnleg problemstillingar knytte til pensum

- kunna formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk

- kunna planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

- kunna vidareutvikla kunnskapane sine, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FRAN254L føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer på FRAN105 og FRAN106

Studiepoengsreduksjon

FRAN253 (100%), FRAN253L (100%)

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.  

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar og rettleiing, 3 timar per veke i om lag 9 veker.

Undervisninga er felles med FRAN253.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Dei obligatoriske arbeidskrava er godkjende i eitt semester utover undervisningssemesteret.

Oppmøte og munnleg innlegg må vera godkjende i undervisningssemesteret, men rettleiing vert gitt ved eventuell ny eksamen i det undervisningsfrie semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord i fransk litteratur, skriven på 4 veker mot slutten av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen i litteraturpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.

Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum inneheld fire romanar utanom ei innføring i romanteori. Ein set seg inn i ein representativ roman frå kvart av dei fire siste hundreåra, og i litteraturhistorisk bakgrunnsstoff med relevans for verka. Ein les òg eit innføringspensum i romanteori/ narratologi som er i tråd med det teoretiske siktemålet.

Emneevaluering

 Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no