Emner: FYST331 Masterprogram i helsefag - fysioterapivitenskap. Fagspesifikk deleksamen: Målemetoder og evalueringsformer. - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal ha inngåande kunnskap om og forståing for dei krav som vert stilt til eigenskapar ved målemetodar og evalueringsformer som vert brukt ved funksjonsvurdering. Ein skal ha erfaring med bruk av kvantitative og kvalitative vurderingsformer, og kunne reflektere over bruk av desse som fysioterapeut i klinisk arbeid og i forsking.

 

Innhald:

I emnet vert det teke utgangspunkt i WHO sitt klassifikasjonssystem av funksjon, ICF. Sentrale måleteoretiske emne vert presentert, og ulike målemetodar med diskriminerande, predikerande og evaluerande eigenskapar vert presentert og problematisert. Studentane får sjølv erfaring i systematisk måling og observasjon av funksjon. Undervisinga vert vinkla mot funksjonsområde med relevans for fysioterapeutar.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne gjere greie for

 

Studenten skal kunne bruke kunnskapen

Studenten skal kunne kommunisere ei forståing av styrke og veikskap ved kvalitative og kvantitative vurderingsformer og korleis dei kan supplere kvarandre ved funksjonsvurdering.

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar

Seminar

Øvingar i statistikk

Sjølvstudiar

Eigen presentasjon av oppgåve

Datainnsamling

Oppgåveskriving

Tre undervisningssamlingar, á 2-3 dagar

40-45 timar

1-2 veker (7 dagar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få godkjent emnet, må alle arbeida vere gjennomført

Min. 80% frammøte på forelesingar og seminar, samt aktiv deltaking i gruppearbeid.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på innlevert arbeid

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vert oppgitt litteratur i emnet som skal danne utgangspunkt for læringsaktivitetane til studentane

Sjå pensumliste i Studentportalen

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

studie@igs.uib.no

Tel: 55586100

 

Emneansvarlig:

Liv Inger Strand, Institutt for global helse og samfunnsmedisin

http://www.uib.no/personer/Liv.Inger.Strand

 

Institutt