Emner: GEO111 Landformdannende prosesser - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi innsikt i og forståing av korleis landformer vert danna og dei prosessane som ligg til grunn. I tillegg skal emnet gi generell kunnskap om korleis natur set grenser for menneskeleg aktivitet. Ved emneslutt skal studenten sjølv kunne identifisere ulike landformer, mellom anna ved hjelp av kart og flyfoto, forstå korleis dei blir danna og teoriane bak, og vere fortruleg med omgrep og fagterminologi.

Emnet skal formidle forståing for korleis naturlege/geologiske prosessar verkar på ulike skala i tid og rom og deira relasjon til endringar i klimatiske forhold , og dei samfunnsmessige konsekvensane det har.

Innhald:

Emnet introduserer det geofaglege innhaldet i naturgeografien. Emnet gir ei systematisk innføring i ulike landformdannande prosessar som forvitring, masserørsle, glasiale-, fluviale-, eoliske- og marine prosesser, deira verkemåte og samhandling og teoriar knytt til desse. Tema er generelle, men med særskild fokus på norske landformer. Det vil også bli gitt ei viss innføring i grunnleggjande geologi samt ei innføring i generell hydrologi og pedologi (jordsmonnlære).

 

Studiet avsluttar med eit feltkurs kor kunnskapar blir utøvd i praksis og vist gjennom ein innlevert rapport (gruppearbeid) som vert vurdert.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO115 eller GEO110

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2-3 førelesingar á 2 timer pr veke. Totalt 24-26 førelesingar

1 heildagsekskursjon

1 feltførebuande seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 3 seminar

1 feltkurs 4-5 dagar

 

Studentane må betale ei feltkursavgift på dette emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent 3 seminaroppgåver, samt godkjent test/diskusjonsdeltaking før feltkurset. Deltaking på dagsekskursjon og feltkurs. Feltrapporten vil vere eit gruppearbeid (2-4 studentar pr. gruppe) og vert vurdert som det. Feltrapporten skal presenterast i plenum. Første førelesning er obligatorisk.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEOL106 - 10 studiepoeng reduksjon

GEOG111 - 15 studiepoeng i reduksjon

GEOV106 - 10 studiepoeng i reduksjon

GEOV101- 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO111 vil difor bli evaluert kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no