Emner: GEOF211 Numerisk modellering - Høst 2017




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset presenterer generelle eigenskapar ved numeriske metodar til løysing av dei partielle differensiallikningane vi møter i dynamisk meteorologi og oseanografi. Studentane praktiserer metodane på enkle problemstillinger. Ein numerisk modell blir presentert.

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette kurset skal du kunne

- greie ut om korleis ein numerisk modell er bygd opp

- gjere greie for korleis val av numerisk skjema og gitter påverkar modellen

- analysere feilkjelder som kan opptre i modellen.

- drøfte kva svakheiter og begrensingar numeriske modellar har

- bruke numeriske modellar som verktøy til å løyse dynamiske problem i meteorologi eller oseanografi

- Få røynsle med å nytte programmeringsspråk (Matlab eller Fortran) til å gjere numeriske berekninger.

Kurset er praktisk retta, der studentane løyser fem oppgåver ved hjelp av programmering, og drøfter dei ulike resultata. Arbeidet med desse oppgåvene må vere godkjend før eksamen.

Krav til forkunnskapar

GEOF110

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til programmering.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

5 godkjende praktiske oppgåver

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Skriftleg, 4 timar. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studieveileder@gfi.uib.no