Etter å ha teke dette kurset skal du kunne
- greie ut om korleis ein numerisk modell er bygd opp
- gjere greie for korleis val av numerisk skjema og gitter påverkar modellen
- analysere feilkjelder som kan opptre i modellen.
- drøfte kva svakheiter og begrensingar numeriske modellar har
- bruke numeriske modellar som verktøy til å løyse dynamiske problem i meteorologi eller oseanografi
- Få røynsle med å nytte programmeringsspråk (Matlab eller Fortran) til å gjere numeriske berekninger.
Kurset er praktisk retta, der studentane løyser fem oppgåver ved hjelp av programmering, og drøfter dei ulike resultata. Arbeidet med desse oppgåvene må vere godkjend før eksamen.
5 godkjende praktiske oppgåver
(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)
Skriftleg, 4 timar. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.