Emner: GEOF220 Fysisk meteorologi - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for kurset er at studentane skal få ei grunnleggjande forståing av fysiske prosessar knytt til solstråling, terrestrisk stråling, kondensasjon og nedbør, og korleis desse prosessane påverkar kvarandre i jord-atmosfære systemet vårt.

I strålingsdelen tek kurset føre seg kva for fysiske strålingsprosessar som skjer ved transport av solstråling og terrestrisk stråling i atmosfæren. Her blir både den spektrale og romlege fordelinga av strålinga diskutert. Dessutan blir det kvantifisert kva effekt jordoverflata har på strålinga. I kurset blir det også sett på kortbølgja og langbølgja stråling ved overflata, då særleg med fokus på variasjonar i strålinga både i rom og tid på lokal skala. I skyfysikken blir dei termodynamiske prinsippa og bruken av dei i atmosfæriske studiar repetert. Omgrepet atmosfærisk stabilitet og ein luftpakke sin tilstandsendring og rørsle blir introdusert for å beskrive dei atmosfæriske prosessane som fører til kondensasjon. Aerosolar og deira rolle som kondensasjonskjerner blir introdusert. Utviklinga av hydrometeorar er beskriven, saman med relevante fysiske prosessar og utleiingane av dei viktigaste likningane. Det startar med kondensasjonen og vekst ved diffusjon på aerosolar og går vidare med mekanismar for vidare vekst, inkludert isfasen, kollisjon og koalesens. Til slutt blir relevante målemetodar og måleinstrument introdusert og diskutert, då særleg med omsyn på usikkerheiter.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- forklare dei ulike fysiske prosessane som skjer ved strålingstransport gjennom atmosfæren (spreiing, absorpsjon, emisjon) og kva rolle overflata spelar

- gi ei utgreiing av korleis kort- og langbølgja stråling ved jordoverflata kan variere både i rom og i tid

- nytte dei grunnleggjande termodynamiske lovene til utleiing av dei nødvendige likningane for å beskrive mikrofysikken ved kondensasjon og dropedanning

- beskrive utviklinga av hydrometeorar i atmosfæren, frå kondensasjonen på aerosolar til dei fell ut som regn og snø, og forklare dei ulike fysiske prosessane

- beskrive dei vanlegaste metodane og instrument for å måle nedbør og diskutere usikkerheitene i samband med slike målingar

Krav til forkunnskapar

MAT111, PHYS111, samt GEOF120, eller GEOF100+GEOF105 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende oppgåver

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt