Emner: GEOF232 Praktisk meteorologi og oseanografi - Høst 2017




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår, berre i semester med undervisning.

Mål og innhald

Emnet gjev ei praktisk innføring i måling av fysiske eigenskapar til atmosfæren og havet slik som vind, straum, temperatur, nedbør, tettleik og saltinnhald. Føremålet er å verta kjend med standard instrumentering som vert nytta, feilkjelder, handtering av data, kvalitetskontroll og tolking, og med pågåande utvikling av observasjonsmetodar og operasjonelle observasjonssystem. Studentane arbeider i små grupper som fokuserer på eit avgrensa sett av instrumentering eller data. Alle studentane arbeider med datainnsamling under ein felles observasjonsperiode. Data vert då henta frå instrumentering i felt, frå tokt eller frå eksisterande nettverk eller fjernmåling, avhengig av studentane sine faglege interesser. I eit avsluttande møte presenterer studentgruppene sitt arbeid for kvarandre og diskuterer samanhengen mellom prosessar i hav-atmosfæresystemet, og set målingane i ein større samanheng.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- forstå prinsippa for måling utført med standard atmosfæriske og oseanografiske instrument
- skildra feilkjeldene til slike målingar
- visualisere ulike målingar korrekt og informativt
- analysere data med omsyn til døgn- og lengre tids variabilitet
- forstå avgrensingane til dagens driftsobservasjonssystemer og utviklinga av desse
- diskutere målingar i forhold til prosessar i det kopla hav-atmosfæresystemet

Krav til forkunnskapar

GEOF105

Tilrådde forkunnskapar

GEOF210

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Innleiande forelesingar (4x2 timar, 4 timar per veke)
Avsparkmøte (2 timar)
Feltarbeid og datainnsamling, ca. 3 veker (oppsett, vedlikehald, demontering) eller tokt
Besøk til bedrifter og offentliege institusjonar som er involvert i operasjonelle observasjonar eller instrumentutvikling
Sjølvstendig gruppearbeid, 1 time møte med tilbakemeldingar per veke
Avsluttande møte (4 timar)
Ferdigstilling av rapport for evaluering

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig frammøte til førelesningar. Deltaking i feltarbeid og besøk til observasjonssentra og instrumentutviklarar. Regelmessig deltaking i gruppemøter. Presentasjon på det siste møtet. Bidrag til skriftleg rapport. (Kun gyldig det semesteret dei er godkjent i.)

Vurderingsformer

Evaluering av skriftleg sluttrapport med tilhøyrande munnleg presentasjon.

Karakterskala

Bestått eller ikkje bestått

Fagleg overlapp

GEOF231 5sp

Vurderingssemester

Vår, berre i undervisningssemester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.