Etter fullført emne GEOF301 skal studenten kunne:
- vite korleis ei masteroppgåve og ei avhandling er planlagt og strukturert
- vere i stand til å nytta system for tekstbehandling; verktøy for analyse, programmering og grafikk; og bibliotekressursar
- forstå rolla til ein faglig rettleiar
- kjenne grunnleggjande LaTeX inkludert oppbygnaden av eit tekstdokument, definisjonen av figurar og tabellar, uttrykk for matematiske likningar og definisjonen av referansar i teksten og til litteratur
- ha førebudd ein LaTeX-mal for masteroppgåva
- kjenne til grunnleggjande Linux, med fokus på kommandolinja og tekstredigeringsverkt
- kjenne til grunnleggjande Fortran 77/90 (innlesing og utskriving av tekst og data, datatypar, sløyfer, kontrollstrukturar, etc.)
- vere klar over etiske og sosiale sider og problem som vedkjem eigen forsking og forsking innan relaterte fagområde