Emner: GEOF322 Feltkurs i meteorologi - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Vår. Kurset går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

GEOF322 vil gje grunnleggande kunnskap om småskala prosessar i det atmosfæriske grenselaget, med fokus på lokal skala. Moderne meteorologiske instrument og måleteknikkar vert presenterte og gjennom praktiske øvingar vil studenten vere i stand til å utføre eksperiment og feltarbeid, inkludert kalibrering av instrument.

Kurset består av korte førelesingar innan ulike emne og dessutan ulike praktiske delprosjekt. I teoridelen blir effekten av overflateeigenskaper og vegetasjon på overføring av energi og bevegelsesmengde til grenselaget diskutert, med spesielt fokus på varmefluks i bakken og fordampingsprosessane. Ulike metodar til å bestemme fluksane av varme, fuktighet og bevegelsesmengde blir introdusert og dei vil dessutan seinare bli nytta av studentane på data som er innsamla i kurset. Studentane lærer om kvalitetskontroll og kalibrering av ulike meteorologiske instrument og dessutan prosedyrar for planlegging, førebuing og gjennomføring av felteksperiment. Dei deltek også i gjennomføringa av ein feltkampanje der målingar av ulike meteorologiske parametrar i det atmosfæriske grenselaget blir utført. I denne delen av kurset har studentane ansvaret for å dokumentere aktiviteten, analysere resultata og skrive ein sluttrapport.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- gjennomføre og vurdere kalibreringar utført i laboratoriet eller ved samanlikningar i felt

- definere, planlegge og utføre eksperiment og feltarbeid i meteorologi

- rapportere kva som skjer i ein feltkampanje og analysere og rapportere resultata frå kampanjen

- beskrive og diskutere korleis dei ulike prosessane påverkar energibalansen ved overflata

- forklare og diskutere korleis eigenskapar ved overflata og vegetasjon verkar inn på energibalansen ved overflata og på utvekslinga mellom overflata og atmosfæren

- beskrive og bruke ulike metodar til å berekne fluksar av varme, fukt og bevegelsesmengde i grenselaget

- utføre eit eksperiment vedrørande utveksling mellom overflata og lufta over og bestemme og tolke måleresultata ved kvantifisering av fluksane av følbar og latent varme og av rørslemengde

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220 samt GEOF311 eller GEOF310, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende oppgåver og rapport.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Godkjend deltaking og rapport

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert Bestått / Ikkje bestått nytta.

Fagleg overlapp

Ingen.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt