Emner: GEOF327 Atmosfærens generelle sirkulasjon - Høst 2017




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Annankvar vår, partalsår. Kurset går berre dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å forstå atmosfæren sin storskala sirkulasjon og energisyklus. Kurset inneheld ei beskriving av atmosfæren sin generelle sirkulasjon i form av angulært momentum budsjett, sonalt midla sirkulasjon og storskala energitransformasjonar. Teori for storskala atmosfæriske bølgjer på midlare breiddegrader og i tropane vil verte gjennomgått. Det vil også teoriar for utvalte storskalafenomen som monsun, ENSO og Hadley sirkulasjon.

Læringsutbyte

Ved fullført emne GEOF327 skal studenten kunne:

- forklare fenomen og forstå matematiske forklaringsmodellar for atmosfæren sin storstilte sirkulasjon

- beskrive dei fysiske mekanismane bak den storstilte atmosfæriske sirkulasjonen

- anvende dette rammeverket i analyse av observert storskalasirkulasjon

- anvende dette rammeverket i analyse av numeriske simuleringar med vær og klimamodellar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF213, GEOF352

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no