Emner: GEOF328 Mesoskala dynamikk - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår. Kurset går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

GEOF328 tek for seg ei rekkje vêrfenomen som har mindre skala enn synoptiske skala, men større skala enn mikroskalaen. Generelt har desse fenomena ein lengdeskala på nokre få hundre meter til fleire hundre kilometer og tidsskala på opp til ein dag. Her finn ein også akselerasjonar i horisontal og vertikal vind som resulterer i store Rossbytal og tilhøve som gjer at ein ikkje kan nytta den hydrostatiske tilnærminga og kvasigeostrofisk teori. Kursmaterialet inneheld stoff om frontar, land-sjøbris, gravitasjonsbølgjer, hydraulisk teori, sirkulasjon knytta til orografi, fjell-og dalvind og konvektive vêrsystem. Kurset legg stor vekt på konseptuelle modellar og matematiske utleiingar for å beskrive observerte vêrsystem.

Læringsutbyte

Ved fullført emne GEOF328 skal studenten kunne:

- definere og karakterisere mesoskalafenomen

- formulere problem i eit fysisk og matematisk rammeverk

- utvikle idear til å løyse problem analytisk og i nokon grad numerisk

- skrive enkle program for å løyse numeriske problem og å visualisere løysinga

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220, GEOF326 eller GEOF213 samt GEOF311 eller GEOF310, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2 timar pr. veke

1 rekneøvingar á 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar. Presentasjon av seminaroppgåve.

Midtvegs eksamen, skriftleg, må vere bestått for å få gå opp til slutteksamen.

Vurderingsformer

Skriftlig midtvegs- eksamen, tel 20 % av sluttkarakteren og må vere gjennomført, gyldig i to semester.

Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 80 % og må vere bestått.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt