Emner: GEOF336 Videregående kjemisk oseanografi - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset tek for seg kva fordeling av kjemiske stoff i hav og atmosfære betyr for klima og miljø i eit tidlegare tids-, notids- og framtidsperspektiv. Kurset vil omhandle aktuelle vitskaplege tema som t.d. havet si rolle i reguleringa av atmosfærisk CO2-innhald gjennom tidene og korleis dette vil endre seg i ei verd med høg CO2, kva havforsuring har å seie for opptak av atmosfærisk CO2 og funksjonelle biologiske grupper (økosystem), kva ein kan lære av eksperiment der havet si kjemiske samansetting blir manipulert (mesokosmer), og kva endra næringstilførsel via elver vil ha å seie for kystsona. Aktuelle tema kan variere frå år til år. Studentane leverer ei semesteroppgåve basert på sjølvstudiar av eit fritt vald tema innan kjemisk oseanografi og presenter oppgåva i plenum for dei andre studentane. Bestått oppgåve og presentasjon er obligatorisk for å kunna ta eksamen i emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- samanfatte kva klima- og miljøendringar som er venta i framtida basert på dei mest oppdaterte forskingsresultata

- arbeide vidare med denne informasjonen i eit kritisk og analytisk perspektiv

- lese og arbeide med informasjon frå den internasjonale vitskaplege pressa i ei semesteroppgåve basert på eit vald tema

- presentere/formidle innhaldet i semesteroppgåva

 

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF236

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rapportar frå rekneøvingar og laboratorieøvingar. (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve og presentasjon; tel 20% av sluttkarakteren og må vere gjennomført, gyldig i to semester.

Slutteksamen munnleg, 45 minutt, tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studieretteleiar@gfi.uib.no