Vår (Fargekode: blå)
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport frå feltundersøkingane.
Ulike tema frå pensumlitteraturen til emnet dannar grunnlag for ein gruppevis temarapport som vert presentert av studentane på eit eige seminar nokre dagar før avreise på feltkurset. Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i mindre grupper. Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane som dannar grunnlag for oppdatering av den gruppevise temarapporten.
Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde områder. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 fulle dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innelvert mot slutten av feltkurset. Den gruppevise rapporten dannar saman med temarapporten grunnlag for om studenten består emnet eller ikkje.
Etter fullført emne GEOV225 skal studenten kunne:
- Skrive feltdagbok
- Gjøre selvstendige observasjoner i felt, bearbeide og rapportere feltdata og begrunne rasjonelle tolkninger
- Beskrive og tolke kvartærgeologiske avsetninger både morfologisk og stratigrafisk
- Utarbeide et kvartærgeologisk kart etter en gitt standard
- Skrive en kvartærgeologisk rapport basert på feltundersøkelser
- Gjennomføre en selvstendig kvartærgeologisk og/eller paleoklimatisk feltundersøkelse
Orienteringsmøte/ 2 timer
Temarapportseminar/ 6 timer
Temarapportprøve (individuell)/ 20 min
Feltkurs/ 11 dager i juni
1) Frammøte på orienteringsmøte i januar
2) Innlevering av temarapport (gruppearbeid) og godkjend presentasjon av denne i mars
3) Godkjend munnleg prøve i alle temarapportane i april
4) Deltaking på 11-dagars feltkurs
5) Innlevering av endeleg felt- og temarapport
Godkjende obligatoriske arbeidskrav 1-3 er ein føresetnad for deltaking på feltkurset, mens godkjende obligatoriske arbeidskrav 4-5 er ein føresetnad for endeleg vurdering.
Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).
Feltrapport. Vurdering er kun mulig i semester med undervisning.