Emner: GEOV326 Kvartære miljø, prosesser og utviklinga - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Master, ph.d.

Undervisningsspråk

Norsk. Emnet undervisast på engelsk dersom engelskspråklege studentar meldar seg til emnet

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikla kunnskap og ei djupere innsikt om den geologiske utviklinga i kvartærtida og korleis geologien kan gje oss kunnskap om miljø- og klimaendringane som har funne stad i denne perioden. Dette femner om kronologi, dynamikk og verknad av dei store isbredekka som breidde seg ut over kontinenta og dei grunne havområda under dei kalde bolkane, men også den naturhistoriske utviklinga i dei isfrie periodane. Granskingar av ulike geologiske arkiv og resultat frå ymse miljø der ein tek i bruk ulike metodar, blir handsama og diskutert. Regionalt vært det lagt mest vekt på utviklinga i Europa og tilhøyrande havområder. Prinsipp for stratigrafisk inndeling og navngjeving blir diskutert. Pensum vil i hovedsak vere publiserte vitskapelige artiklar. Som del av undervisninga inngår også ein feltekskursjon som til vanleg vil vare 4 dagar.

Læringsutbyte

Ved fullført emne GEOV326 skal studenten kunne:

- gjere greie for spesielle problem ved stratigrafisk inndeling og korrelasjon innan kvartærtida

- ha ei djupare forståing av den geologiske utvikling gjennom istider og mellomistider, serlig ved å sjå samenhengen i utviklinga i ulike miljø

- vurdere og gje att kvartærgeologiske forskningsresultat som er publisert i vitskapelige tidsskrift

- diskutere på ein kritisk måte ulike syn om utviklingshistoria gjennom kvartærtida

Krav til forkunnskapar

GEOV110 (GEOV106) eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad i geovitskap eller tilsvarande, og GEOV223

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, seminarinnlegg 4 timar pr. veke, 15 veker

 

4 dagars ekskursjon/feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltkurs/ekskursjon. Godkjend feltrapport. Denne er gyldig i 2 påfølgjande semester (gjelder fra og med vår 2017).

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOV321, 5 sp overlapp med GEOV334, 5 sp overlapp med AG210 (UNIS)

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet

Institutt

Institutt for geovitenskap