Emner: GRE101 Gresk elementærkurs - Høst 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet gir dei grunnleggande kunnskapane i gammalgresk, med hovudvekt på attisk dialekt i den klassiske perioden. Det blir særleg lagt vekt på at studentane meistrar elementa i formlære og på det sentrale ordtilfanget. Også historisk lydlære, ordlaging og syntaks inngår i studiet. Dessutan blir det gitt ei første innføring i gresk historie og kulturhistorie, med særleg vekt på den klassiske perioden.
Læringsutbyte
Studiet vil gi studentane dei basiskunnskapane som trengst for å kunne samanlikne omsetjing med originaltekst under studiet av litteratur eller historiske kjeldeskrifter, å kunne nytte hjelpemiddel (t.d. filosofiske eller teologiske ordbøker) som tek utgangspunkt i greske omgrep, eller å kunne nyte godt av faglitteratur i historie, religion, filosofi, litteratur, kunst osv. som nyttar gresk terminologi og siterer på originalspråket.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Engelsk frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.
Om lag 48 timar, 3 gonger i veka første halvdel av semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må bestå ei innleveringsoppgåve. I tillegg er det obligatorisk frammøte på førelesingane (minimum 75%).
Vurderingsformer
Eksamen består av fire prøver/innleveringsoppgåver som blir gjennomførte i samband med undervisninga. Oppgåvene femner om omsetjing, formøvingar og grunnleggjande grammatikk.
I semester utan undervisning blir eksamensoppgåvene gitt som ein samla skuleeksamen (utan hjelpemiddel) på 4 timar.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Den første oppgåva har karakter bestått/ ikkje bestått, mens det blir gitt ein samla karakter på dei tre andre oppgåvene. Den samla karakteren blir gitt etter skalaen A-F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er ei elementarbok i gresk. I denne inngår gresk prosatekst, hovuddraga av den attiske grammatikken og ordlagingslæra. I pensum inngår dessutan ei framstelling av den greske historia og kulturhistoria.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no