Emner: HIS102 Oversikt over nyere historie fra 1750 - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gi oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå omlag 1750 og fram til i dag. Emnet er kronologisk oppbygd. Politiske, økonomiske og sosiale endringar utgjer dei tre tematiske tyngdepunkta i emnet.

 

Emnet vektlegg norsk og europeisk historie, men der prosessar og hendingar òg vert sett inn i globale referanserammer.

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i arbeidsmetodar i historiefaget.

Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha grunnleggande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar og prosessar innan økonomisk, sosial og politisk historie etter 1750. Studenten skal òg ha grunnleggjande kunnskap om arbeidsmetodar i historiefaget.

 

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til kritisk lesing av historisk faglitteratur, til å drøfte historiske problemstillingar og til å trekke konklusjonar.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskap og til argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt omlag 25-30 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske arbeidskrav, men alle studentar vert tilrådd å følgje undervisninga samt skrivetrening ved å bruke arbeidsspørsmål som vert lagt ut til kvar førelesing.

Vurderingsformer

Ein 7 dagars heimeeksamen over oppgitt tema og 2 timars skriftleg skuleeksamen. Den skriftlege heimeeksamen skal leverast elektronisk og skal vere på mellom 2000 og 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste).

 

Det blir gitt ein samla karakter, der heimeeksamen teller 70 prosent og skuleeksamen 30 prosent.

 

Heimeeksamen må vere bestått i eit undervisningssemester, men studentar kan ta skuleeksamen også i det påfølgjande undervisningsfrie semesteret.

Studentar som ikkje får greidd begge eksamensdelane i undervisingssemesteret eller det påfølgjande undervisningsfrie semesteret, må ta begge delane om igjen.

 

Begge eksamensdelar må vere bestått for å få eit samla resultat i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister.Pensum er om lag 1500 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Svein Atle Skålevåg

Administrativt ansvarleg

Jannie Idsal

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no