Emner: HIS203 Teorier, metoder og historiske kilder - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Normalt vert emnet undervist på norsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gje studenten innsikt og trening i bruk av historieteori, historiske metodar og historiske kjelder. Emnet vil gje studenten reiskap til å arbeide sjølvstendig og kritisk med historisk litteratur og kjelder og forstå ulike sjangrar og dei spesielle problema som knyter seg til desse.

Gjennom skriving av tre oppgåver lærer studenten å drøfte teoretiske og metodiske problem og sjølv å vurdere og anvende historiske kjelder.

Emnet vil gje studenten det naudsynte metodiske grunnlaget for HIS250 Bacheloroppgåva og for vidare studium på masternivå. Emnet er difor obligatorisk i ei ordinær historiespesialisering.

http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historieTrykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

 http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten skal ha kjennskap til kva plass teoriar har i historieforskinga, til ulike metodar, og til dei grunnleggande prinsippa for historisk kjeldekritikk. Studenten skal vere kjent med eit bredt utval av skriftlege kjelder frå fleire historiske periodar, og dei spesielle problema som er knytte til desse.

Ferdigheiter
Studenten kan demonstrere teoretiske og metodiske ferdigheiter og evne til å bruke kjeldemateriale på ein både kritisk og konstruktiv måte for å svare på historiske problemstillingar.

Generell kompetanse
Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativitet i ei informasjonsmengd skal vurderast. Kjennskap til ulike metodar for å løyse problem og etablere ny kunnskap er viktige ferdigheiter i kunnskapssamfunnet. Ei systematisk trening på desse felta vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiestudiet.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha gjennomført årsstudium i historie eller tilsvarande. Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminar, totalt 11-12 dobbelttimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera inn to oppgåver for rettleiing. Oppgåvene skal være fullstendige, ikkje skisser.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei mappe med to rettleidde oppgåver og ei ikkje-rettleidd oppgåve.

Studenten skal skrive tre oppgåver, kvar på 2000-3000 ord. To oppgåver skal leverast i løpet av semesteret, den tredje ved semesterslutt, til opplyste fristar.

 

Studenten vil få ei skriftleg rettleiing på dei to første oppgåvene før endeleg innlevering.

 

Den tredje oppgåva vert ikkje rettleid.

 

Oppgåvene skal leverast elektronisk.

 

Det blir gitt ein samla karakter, der oppgåvene vert vekta likt. Alle oppgåvene må vere leverte og beståtte i eitt og same undervisningssemester.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det faste pensum er på ca.1000 sider. I tillegg kjem tekstar leverte ut i tilknyting til dei enkelte oppgåvene, maksimalt 200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no