Emner: HIS250 Bacheloroppgave i historie - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i en spesialisering i historie. Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag. I haustsemester vil det vere tilbod i tida før ca. 1750 og i vårsemester vil det vere tilbod i nyare historie, tida etter ca. 1750. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Tema som er gjeldande for HIS250 for våren 2017 er:

  1. Fremvekst av moderne skatteparadiser fra 1870- årene til i dag- et fristed for global kapital
  2. Befolkningspolitikk og reproduksjon i det tjuende århundre
  3. Fascistiske bevegelser i Europa, 1918-1945
  4. History of The United States
  5. Europa etter 1945: Ressurser, demografi, økonomi

6. Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie

 

http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historieTrykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.

 

Ferdigheiter:

Studenten vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppågva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, og to fordjupingsemne på 100-nivå før ein skriv bacheloroppgåva.

Studiepoengsreduksjon

Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

NB. Det er begrenset kapasitet på de ulike temaene i HIS250. Alle som skal ta HIS250 våren 2017, må derfor søke om plass på emne og tema. Du søker via Studentweb. Søknad registreres på Studentweb i perioden 12.desember 2016 - 4. januar 2017. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønsker om tema.

 

Dersom et tema har flere søkere enn plasser, vil følgende søkergrupper prioriteres:

1. Studenter som tar spesialisering i historie, og som avslutter graden våren 2017.

2. Studenter som har avlagt 60 studiepoeng i historie, inkludert emnene HIS101 og HIS102.

Dersom temaet og/eller emnet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning innenfor hver prioriteringsgruppe.

Dersom det er ledige plasser på tema etter opptaket, blir disse åpnet for direkte påmelding via Studentweb.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og når kommentarane skal vera innkomne.

Som førebuing til skrivinga av bacheloroppgåva vil det kvart semester normalt bli arrangert eit kurs i praktisk metode. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.

2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.

3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.

4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort på Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord og må ikkje overskrida 6000 ord.

Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for bacheloroppgåva.

Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Studentane skal leggja opp eit pensum på ca. 1200 sider. Rettleiar skal godkjenna pensumlista

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no