Emner: HIS250L Bacheloroppgave i historie - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

 Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

 Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag. I haustsemester vil det vere tilbod i tida før ca. 1750 og i vårsemester vil det vere tilbod i nyare historie, tida etter ca. 1750. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.

 

Ferdigheiter:

Studenten kan vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

 

Generell kompetanse:

Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppgåva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studenten bør ha hatt normal progresjon i historieemna på lektorprogrammet før han/ho tek til på HIS250L.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og når kommentarane skal vera innkomne.

Som førebuing til skrivinga av bacheloroppgåva vil det kvart semester normalt bli arrangert eit kurs i praktisk metode. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.
  2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
  3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
  4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

 

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i to semester etter godkjenning.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort på Mi side ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord og må ikkje overskrida 5000 ord.

Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for bacheloroppgåva.

Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

 Vår og haust

Litteraturliste

Studentane skal leggja opp eit pensum på ca. 800 sider. Rettleiar skal godkjenna pensumlista.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no