Emner: HIS350 Historie mastergradsoppgave - Høst 2017




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Normalt vert emnet undervist på norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som bygger på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og/eller historisk litteratur.

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi studentane djupare innsikt i teori og metode innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagets teori, metodar, teknikkar og forskingsetikk i løysinga av historiske problem.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.

http://www.uib.no/fag/historie/25365/masterseminar-i-historieTrykk her for meir informasjon masterseminarene

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført mastergrad er studenten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har studenten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.

Ferdigheiter:

Studenten er kompetent i utøving av forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Dette inneber å etablere problemstillingar som kan leie til ny historisk kunnskap innan eit valt forskingsfelt. Vidare har studenten ferdigheiter i kartlegging og evaluering av kjelder og litteratur, og basert på dette kan studenten ekstrahere, systematisere og analysere informasjonstilfanget. Studenten har både praktisk og prinsipiell forståing av historisk metode, kan gjennomføre kritisk analyse av tekst og kjelder, dokumentere eigne slutningar og posisjonere eige bidrag i forhold til etablert kunnskap på det gjeldande forskingsfeltet. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

Generell kompetanse:

Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten demonstrert sin kompetanse til å utøve historisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggande normer og metodar som akademisk disiplin. Studenten er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar. Gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid har studenten vist evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode. Studenten har òg kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere masteroppgåva må studenten ha avlagt og bestått eksamen i HIS301 og HIS303, samt i andre godkjende emne tilsvarande 30 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

I oppgåva er det naturleg at studenten også trekker på kunnskapar opparbeidde gjennom oppgåvene i kursdelen. Direkte gjenbruk av tekstdelar frå disse oppgåvene er likevel ikkje tillat, på same måte som det ikkje er tillat å bruke oppatt tekstdelar frå andre bedømte eksamensoppgåver.

Krav til studierett

Emnet er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til masterstudiet i historie

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet ved institutt for AHKR, har rett til individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar. Studenten vel relevant masterseminar i samråd med rettleiar. På masterseminara skal studentane delta jamleg med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på 2-dagars forskingsetisk seminar arrangert av Forskingsetisk utval ved AHKR.

Vurderingsformer

Mastergradseksamen består av masteroppgåva (80-110 sider) og ei munnleg prøve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk via StudentWeb. Oppgåva skal vere instituttet i hende innan 1. februar, 15. mai, 1. september eller 20. november. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Etter at karakteren på masteroppgåva er fastsett, må studentane framstille seg til den munnlege prøven der masteroppgåva blir diskutert. Den munnlege prøven justerar karakteren på masteroppgåva som maksimalt kan endrast med éin bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no