Emner: HUCEL350A Evaluering, kvalitetsovervåking og tolking av biokjemiske analyser - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Generelt om biokjemiske analysemetodar: Omgrep, måleprosedyrar, sporbarheit, målefeil.

Usikkerheit i målingar: Tolking av resultat i relasjon til inter- og intraindividuell biologisk variasjon, ikkje-biologisk preanalytisk variasjon, analytisk og postanalytisk variasjon.

Etablering av analysemetodar. Metodevalidering: Analytiske kvalitetskrav, riktigheit og presisjon, deteksjons- og kvantifiseringsgrenser. Sensitivitet, spesifisitet. ROC-analyse.

Analytisk kvalitetskontroll: Grunnleggjande prinsipp. Statistiske kontrollreglar, bruk av styrkediagram. Berekne totalfeil. Organisering, bruk av kvalitetskontrollprogram. Supplerande kontrollmetodar. Ekstern kvalitetskontroll.

Samanlikning av analysemetodar. Metode-samkøyring som kvalitetskontroll.

Korleis sette krav til analysekvalitet i forsking og medisinsk praksis.

Etablering av referanseområde.

 

Studentane skal få kunnskap om korleis ein bør evaluere, kvalitetsovervake og tolke biokjemiske analysar i forsking og medisinsk praksis.

Læringsutbyte

Studentane skal kunne gjere greie for korleis ein bør evaluere, kvalitetsovervake og tolke biokjemiske analysar i forsking og medisinsk praksis.

Krav til forkunnskapar

Grunnleggjande kjennskap til statistikk og analysemetodar i biokjemi

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i human ernæring, eller masterprogram i klinisk ernæring. Studentar frå andre studieretningar ved eller utanfor Universitetet i Bergen kan søke om hospitantstatus innan 1. desember / 1. juni for komande semester. Studentane kontaktar fakultetet eller instituttet direkte. Sjå http://www.uib.no/mofa/studentskjema#opptak-og-studierett-nbsp- http://link.uib.no/?hospitering for meir informasjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

9 doble førelesingstimar. Diskusjon og heimearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingsoppgave

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Emneansvarleg

Bjørn J. Bolann

Professor

Klinisk institutt 2

Universitetet i Bergen

Tlf. 55973133

Fax 55973115

E-post: bjorn.bolann@med.uib.no

Postadresse: Laboratorium for klinisk biokjemi

Haukeland universitetssykehus, 5021 Bergen

Kontaktinformasjon

mailto:studie@med.uib.nomailto:studie@med.uib.no

mailto:studie@med.uib.nostudie@kliniskmedisin.uib.no +47 55 97 30 41