Emner: INF142 Datanett - Vår 2017
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår (Fargekode: rød)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i og eit oversyn over dei viktigaste omgrepa i datanett. Emnet tek for seg problem som er aktuelle på ymse nivå i ein lagdelt kommunikasjonsmodell, og korleis desse problema kan løysast. Spesielt legg ein vekt på korleis ein brukar kan laga applikasjonar på grunnlag av transportlaget sine tenester.
Læringsutbyte
Etter fullført INF142 - Datanett skal studenten kunne
- Gjera greie for ein lagdelt kommunikasjonsmodell og kva oppgåver som skal løysast i kvart lag
- Implementera enkle klient-tener-applikasjoner i eit høgnivå programmeringsspråk
- Utvikla, forstå, analysera og revidera enkle kommunikasjonsprotokollar
- Vurdera kva avgrensingar i tenestekvalitet som ligg i val av teknologi
- Setja seg inn i og gjera greie for ny teknologi på kvart lag
Krav til forkunnskapar
INF100 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF100 og MNF130. MNF130 kan takast samtidig som INF142.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk praktiske oppgåver, mellom anna i programmering av datanett. Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I142: 10SP, INF142A: 5SP
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.