Emner: INF144 Informasjonsteori - Høst 2017
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Kva er informasjon? Emnet handlar om mål for informasjonsinnhald
av digitale symbol og symbolsekvensar. Med utgangspunkt i Shannons
informasjonsteori blir det gitt ei innføring i grunnlaget for datakompresjon,
feilkorrigerande koder og kryptografi. Ein tek óg opp bruk av informasjonsteori i datanett.
Læringsutbyte
Etter fullført INF 144 - Informasjonsteori skal studenten kunne - Gjera greie for omgrepa entropi og gjensidig informasjon
- Forstå korleis informasjon kan representarast på ein måte som er effektiv for bruken
- Implementera algoritmer for kildekoding av enkle kildar
- Bestemme kanalkapasitet for ein diskret-inputt minnelaus punkt-til-punkt kanal med gitte parametrar
- Gjera greie for bruk av informasjonsteori i fleirbrukarkanalar, i kringkastingskanalar og i generelle nettverk
- Forklara informasjonsteoretiske aspekt ved datatryggleik
Krav til forkunnskapar
http://www.uib.no/emne/INF100http://www.uib.no/emne/INF100http://www.uib.no/emne/INF100INF100 eller tilsvarande. MAT111/101 eller tilsvarande. http://www.uib.no/emne/MNF130MNF130 eller tilsvarande (kan lesast parallelt).
Tilrådde forkunnskapar
Fordel med elementære kunnskapar i statistikk og kombinatorikk.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesningar: 4 timer pr veke, 13 veker.
Oppgaveløysing og programmering: 2 timer pr. veke, 13 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk praktiske oppgåver, mellom anna i programmering. Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester: Det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Enkel kalkulator tillatt på skriftleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I 144: 10 studiepoeng.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Institutt
Informatikk.