Emner: INF222 Programmeringsspråk - Høst 2017
Undervisningssemester
Vår.
Mål og innhald
Kurset gjev ein praktisk og teoretisk introduksjon til semantikken til programmeringsspråk konstruksjonar. Kurset tar for seg emne frå konstruksjonar på eit mikronivå, til dømes parameter passing, til konstruksjonar på eit makronivå, til dømes modul system. Ein lærer òg å reflektere over innverknaden som desse konstruksjonane har på programvare kvalitet.
Læringsutbyte
Etter å ha bestått dette kurset skal studenten kunne:
- Definere mikronivå konstruksjonar ved hjelp av evaluatorar.
- Definere makronivå konstruksjonar og korleis dei blir emulert i vanlege programmeringsspråk.
- Identifisere eigenskapar ved språk som gjer programvare integritet (påliteleg, robust, sikkert) og programvare validering (verifikasjon og testing) meir oppnåeleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INF101, INF121/INF122
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Dersom det er mange deltakarar på kurset, kan det bli skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Ingen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.