Emner: INF236 Parallell programmering - Vår 2017
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir eit oversyn over arkitektur og inter-prosessor nettverk for parallelle datamaskiner. Grunnprinsipp for utvikling av effektive parallelle algoritmer blir gjennomgått, med døme frå enkle numeriske problem, sortering og grafproblem. Tilpassing av algoritmer til spesielle maskinerkitekturar blir diskutert.
Læringsutbyte
Ved fullført emne INF236 skal studenten:
- forstå den grunnleggjande oppbygginga og bruk av parallelle datamaskinar.
- vite innhaldet i og kunne bruke dei vanlegaste omgrepa for korleis ein måler ytinga til parallelle algoritmar og tilhøyrande algoritmar.
- kunne utvikle, analysere og implementere algoritmar for parallelle datamaskinar. Dette gjeld både maskinar med felles minne og med distribuert minne.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF234
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.