Emner: INF250 Dataorientert visuell beregning - Høst 2017




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår.

 

Kurset krev ei rimeleg forståing av matematikk (spesielt innen lineær algebra) og gode kunnskapar i programmering. Kurset bør derfor inngå i 4. eller 6.semester.

Mål og innhald

Forretningsverda er på lik line med forskingsverda i aukande grad påverka av datadrevne oppdagingar og prognosar. Dette emnet fokuserer på grunnlaget for dataintense informatikkprosjekt, med eit spesielt fokus på prosjekt som involverer visuell berekning. Dette grunnlaget inkluderer ein naudsynt matematisk bakgrunn (meir frå eit brukarperspektiv, enn frå eit matematikkemne perspektiv) i tillegg til ein programmeringsbakgrunn. Studentane vil i dette kurset oppnå kompetansen og dugleikane som trengst for å realisere dataintense prosjekt frå start til slutt, altså frå analyse av data til å visualisere og kommunisere resultata. Emnet gjev òg studentane ein brei bakgrunn innan metodar og teknikkar i datavitskap og introduserer dei viktigaste teknikkane frå berekningsbasert dataanalyse med eit fokus på det konseptuelle grunnlaget og praktisk bruk.

Læringsutbyte

Kunnskapar

* Studentene vil ha en forståelse for vanlig datatilpasning (eng. data fitting), optimeringsteknikker og deres bruksområder.

* Studentene vil kunne utføre numerisk integrasjon og derivering.

* Studentene vil kunne benytte grunnleggende statistiske og maskinlærings-teknikker.

Dugleikar

* Studentene vil demonstrere en forståelse for linære systemer og kunne utnytte dem i dataorienterte utregninger.

* Studentene vil kunne bruke i praksis utvalgte ideer fra bildeprosessering og visualisering.

* Studentene vil kunne utarbeide dataprogrammer for dataanalyse og vitenskapelig utregning.

* Studentene vil ha lært programmering som utnytter spesielle muligheter (f.eks. bruk av grafikkort).

Generell kompetanse

* Studentene vil kunne bedømme relevansen av bruken av forskjellige dataanalyse teknikker.

* Studentene vil ha organisert og strukturert tilnærminger til problemløsning i grupper.

Tilrådde forkunnskapar

 

 

MAT121 Lineær algebra, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav. Emnet er mynta på studentar i informatikk som har oppnådd minimumskvalifikasjonane i matematikk og programmering tidlegare i studieløpet. Studentar som ynskjer å ta ein mastergrad med spesialisering i visualisering ved UiB Informatikk (MAMN-INF/VI), anbefalast å ta dette kurset i siste halvdel av bachelor-studiane.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset består i hovudsak av førelesningar, programmeringsleksjonar og øvingar.

Vanlegvis vil det være 6 organiserte arbeidstimar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på obligatoriske øvingar og beståtte obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen. På eksamen er kun godkjend kalkulator tillate som hjelpemiddel. Endeleg karakter er ein kombinasjon av karakterane frå programmeringsoppgåvane og eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.