Emner: INFO102 Formelle metoder for informasjonsvitenskap - Vår 2017
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Emnet skal gje grunnleggjande kunnskapar om formelle omgrep og metodar nytta innanfor greiner av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studium i databasar, programmering og kunstig intelligens.
Fagleg innhald:
Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:- demonstrere teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre.
- gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
- gjengi og forklare omgrep og resultat.
- forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
- demonstrere mestring av formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar; frå konkret bruk i programmerings- og spørjespråk til abstrakt bruk gjennom formalisering av enklare fenomen.
- demonstrere kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
- demonstrere grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar forelesing og 2 timar gruppeøving i ca. 10 veker).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske seminargrupper (minst 80%).
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.
Vurderingssemester
Vår/haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no