Norsk
Emnet skal gi det teoretiske grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt.
Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem på individuelt, gruppe og organisatorisk nivå og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve.
Ingen
3 timar skriftleg prøve (60%).
Mappevurdering (40%).
Full poengreduksjon mot INFO211
studieveileder@info.uib.no
Institutt for informasjons- og medievitenskap