Emnet introduserer metodar og teknikkar brukt i utvikling av moderne programvare for informasjonssystem. Dette omfattar objekt-orientert design, programmeringsteknikkar, datastrukturar og algoritmar. Målet er å gje studenten kunnskap og øving i programmering på eit nivå som gjev grunnlag for å utvikle program til nytte i eige studentarbeid i informasjonsvitskap og å delta som programmerar i større prosjekt for utvikling av informasjonssystem.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
gjere greie for objekt-orientert design av program for informasjonssystem.
greie ut om datastrukturar for organisering av informasjon.
nytte algoritmar for effektiv handsaming av informasjon.
gjere greie for ulike teknologiar og rammeverk for utvikling av program for større informasjonssystem.
designe, implementere og teste programvare for større informasjonssystem.
demonstrere erfaring med praktisk bruk av objekt-orientert design, datastrukturar og algoritmar, og utvalde teknologiar i programmering av ikkje-trivielle informasjonssystem.
demonstrere ei grunnleggjande forståing av korleis dei teoretiske og teknologiske omgrepa i programmering og programdesign støttar opp om praktisk informasjonssystemutvikling.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INFO132 eller tilsvarande
Krav til studierett
Ope
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning