Emner: INFO300 Prosjekt og forskingsdesign for informasjonsvitenskap - Høst 2017
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Ein kan ikkje ta mastergraden eller mastergradsemne i informasjonsvitskap som eit deltidsstudium.
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt frå idé til eit tilnærma fyrsteutkast. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (ca. 8000 ord) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Kandidaten
- kjenner krava til ei prosjektskisse for eit masterarbeid i informasjonsvitskap, så vel som dei vitskaplege krava til og arbeidsomfanget til ei masteroppgåve
- har oversyn over breidda av metodiske tilnærmingar i faget
- har grunnleggjande kjennskap til relevant forsking/teori innan sitt valde fagfelt og metodane som er tenkt nytta
Ferdigheitar:
Kandidaten
- kan drøfte moglege etiske problemstillingar og relatert lovverk/søknadsprosedyrar
- kan formulere klare problemstillingar, trekkje inn relevant forsking på det aktuelle feltet og utforme metodisk veleigna forskingsopplegg for si masteroppgåve
- kan utforma ei skisse til prosjekt som kan danne eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med masteroppgåva, og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på masternivå i informasjonsvitskap
- kan gje fagfellevurdering av prosjektidear på masternivå i informasjonsvitskap
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan nytte tenestene og litteratursøkemogligheitene via UB
- kan vurdere andre sitt forskingsopplegg kritisk og gje konstruktive tilbakemeldingar på desse
- har oversyn over dei sentrale forskingsmiljøa innan informasjonsvitskap
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i informasjonsvitskap.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.
Ca. 2-4 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider. Etter åtte veker skal dei levere eit fyrsteutkast på 700-1000 ord. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret.
Det er obligatorisk oppmøte.
Vurderingsformer
Prosjektskildring på ca. 8000 ord.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
Full overlapp mot INFOMEVI300 og MEVI300
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
mailto:Studieveileder@info.uib.nomailto:Studieveileder@info.uib.noStudieveileder@info.uib.no
Tlf 55 58 91 00 / 55 59 41 17