Emner: JAP110 Japansk språk 1 - Høst 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet er å gi grunnkunnskapar i japansk språk, med vekt på grammatikk, vokabular og skriftteikn.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har ei forståing av språksystemet.
- har grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.
Dugleikar
Studenten
- kan grunnleggjande grammatikk, vokabular og om lag 200 kanji. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introduserte.
- kan presentere seg sjølv og fortelje om dagleglivet sitt både munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.
- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 5
Krav til forkunnskapar
Fullført JAP100 eller tilsvarande. Studentar kan melde seg til undervising og vurdering i JAP110 så snart sensuren for JAP100 er klar.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
For studentar som har teke andre emne i japansk med nærliggande pensum, kan det vere overlapp. Ta kontakt med studierettleiar@if.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppeundervisning, samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.
Det er om lag 10 timar førelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dette emnet har 24 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøver, to i kvar veke. Alle desse 24 oppgåvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappeevaluering. 7 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: tre kanjitestar, tre grammatikktestar og éin stil.
Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.
Vurdering av mappa skjer berre i undervisningssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og CD. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Ei lærebok/øvingsbok i skriftteikn vert også nytta, samt utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.
Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på internett).
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no