Emner: JAP110 Japansk språk 1 - Vår 2017




Studiepoeng

30.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Kvart vårsemester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi grunnkunnskapar i japansk språk, med vekt på grammatikk, vokabular og skriftteikn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har ei forståing av språksystemet.

- har grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.

Dugleikar

Studenten

- kan grunnleggjande grammatikk, vokabular og om lag 200 kanji. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introduserte.

- kan presentere seg sjølv og fortelje om dagleglivet sitt både munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

Studenten

- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.

- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 5

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskap tilsvarande ASIA100.

Studiepoengsreduksjon

For studentar som har teke andre emne i japansk med nærliggande pensum, kan det vere overlapp. Ta kontakt med studierettleiar@if.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppeundervisning, samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.

 

Det er om lag 10 timar førelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har 24 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøvar, to i kvar veke. Alle desse 24 oppgåvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. 12 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa. Kanjitestar, skriftlege framstillingar, skuleoppgåver og omsetjingsoppgåver skal vere representerte med tre kvar. Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for karaktersetting. Dei einskilde delane tel 1/12 kvar. Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og CD. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Ei lærebok/øvingsbok i skriftteikn vert også nytta, samt utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på internett).

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no