Vår.
JAP205 vert tilbode første gong våren 2016.
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- kan lese og forstå autentiske tekstar ved å omsetje dei til norsk.
Dugleikar
Studenten
- har lært grammatikk, vokabular og skriftteikn på mellomnivå.
- har auka dugleik i munnleg japansk og i skriving av eigne tekstar.
- har auka lytteforståinga.
- kan om lag 200 nye kanji.
Generel kompetanse
Studenten
- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på lågare mellomnivå.
- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 3.
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar, gruppeundervisning samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.
JAP205 går over 10 veker med om lag10 undervisningstimar og 2 gruppetimar i veka.
Dette emnet har 8 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøver. Alle dei 8 oppgåvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering.
Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.
Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Mappeevaluering. 5 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: to kanjitestar, to grammatikktestar og éin stil.
Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.
Vurdering av mappa skjer berre i undervisningssemesteret.
Pensum består av lærebøker i japansk på mellomnivå med tilhøyrande cd-ar. Verka inneheld dialogtekstar, prosatekstar, grammatikkutgreiingar, praktiske øvingar og skriftteikn. I tillegg kjem utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.
Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på internett).