Emner: JAP205 Japansk språk 3 - Vår 2017
Studiepoeng
20.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk og japansk
Undervisningssemester
Vår.
JAP205 vert tilbode første gong våren 2016.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
JAP205 byggjer på JAP120, og har undervisning på mellomnivå i og om det japanske språket, med vekt på forståing av tekst i ulike sjangrar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- kan lese og forstå autentiske tekstar ved å omsetje dei til norsk.
Dugleikar
Studenten
- har lært grammatikk, vokabular og skriftteikn på mellomnivå.
- har auka dugleik i munnleg japansk og i skriving av eigne tekstar.
- har auka lytteforståinga.
- kan om lag 200 nye kanji.
Generel kompetanse
Studenten
- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på lågare mellomnivå.
- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 3.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar tilsvarande JAP120
Studiepoengsreduksjon
For studentar som har teke andre emne i japansk med nærliggande pensum, kan det vere overlapp. Ta kontakt med studierettleiar@if.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar, gruppeundervisning samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.
JAP205 går over 10 veker med om lag10 undervisningstimar og 2 gruppetimar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dette emnet har 8 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøver. Alle dei 8 oppgåvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering. Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.
Vurderingsformer
Mappeevaluering. Dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal alle inngå i mappa. Kanjitestar, skriftlege framstillingar, skuleoppgåver og omsetjingsoppgåver skal vere representerte med to kvar. Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for karaktersetjing. Dei einskilde delane tel 1/8 kvar. Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum består av lærebøker i japansk på mellomnivå med tilhøyrande cd-ar. Verka inneheld dialogtekstar, prosatekstar, grammatikkutgreiingar, praktiske øvingar og skriftteikn. I tillegg kjem utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.
Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på internett).
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no