Emner: JUS134 Rettshistorie og komparativ rett - Høst 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Føremålet med JUS134 Rettshistorie og komparativ rett å

(I) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare å

(II) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, finske, engelske, franske og tyske rettskulturen. Og

(III) å kunna analysera, forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

Læringsutbyte

 

Kunnskap:

I JUS134: Rettshistorie og komparativ rett skal studentane (1) få kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei 6 rettskulturelle strukturane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane (2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei 6 rettskulturelle strukturane stå i sentrum Deretter skal studentane (3) få kunnskap om den norske, finske, engelske, franske og tyske rettskulturen når det særleg gjeld særleg dei 6 rettskulturelle strukturane.

Den kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i pensumlitteraturen:

(1) Rettskultur

(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

(3) Komparativ rett ¿ den norske, finske, engelske, franske og tyske rettskulturen

 

Dugleik:

Studentane skal gjennom JUS134: Rettshistorie og komparativ rett opparbeida seg evner til å bruka kunnskapen slik at dei kan (I) forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare å (II) verta i stand til å forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, engelske, franske og tyske rettskulturen. Og (III) å kunna forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

 

Generell kompetanse:

Føremålet med JUS134: Rettshistorie og komparativ er å setja studentane i stand til å finna og bruka gjeldande rett i ein periode med rettsleg internasjonalisering der rettskulturell innsikt, tufta på rettshistorisk og komparativ kunnskap, har vorte ein del av juridisk metode som forståingsreiskapar når ein handsamar norsk rett produsert innanfor norske jurisdiksjonsgrenser, norsk rett produsert innan norske jurisdiksjonsgrenser men med utgangspunkt i rettskjelder produsert utanfor, og norsk rett produsert utanfor norske jurisdiksjonsgrenser. Som ein del av dette er det naturleg at engelskspråkleg utgjer ein sentral del av hovudlitteraturen, slik at studentane vert kjend med engelskspråklege kjelder og terminologi, og vert i stand til å argumentera og formidla på engelsk innanfor feltet. I tillegg siktar kurset mot å formidla ein grunnleggjande kunnskap om historiske og kulturelle samanhengar som gjer det mogeleg for studentane å ta reflekterte standpunkt i debatten om utfordringar ved internasjonaliseringa og konsekvensar for den norske rettskulturen, samt for ein nordisk og europeisk rettstradisjon.

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.

3. Kursgodkjenning eldast ikkje.

 
Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett levera 3 obligatoriske arbeidsgruppeoppgåver til godkjenning. Følgjande krav må vera innfridde for at oppgåvene skal verta godkjent:


Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett kommentera 2 x 3 arbeidsgruppeoppgåver skrivne av andre medlemmar av arbeidsgruppa. Følgjande krav må vera innfridde for at kommenteringa skal verta godkjent:


Dersom storgruppeleiar er i tvil om krava til arbeidsgruppeoppgåve eller kommentarar er oppfylt, skal vedkomande oversenda materialet til den fagansvarlege som skal treffa skriftleg grunngjeve vedtak. Den aktuelle student vil deretter verta kontakta av den administrativt ansvarlege for 3. studieåret, som opplyser om vedtaket. Det skriftlege vedtaket skal deretter gjerast tilgjengeleg for studenten ved personleg overlevering, som vedlegg til skjermbrev, eller ved postsending.

Vurderingsformer

Etter kurset vert det avlagt ein heimeeksamen. Oppgåvene skal leverast elektronisk via Kark. Ordgrensa er sett til 5000 ord.

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått

Litteraturliste

Storparten av hovudlitteraturen til JUS134 Rettshistorie og komparativ rett er skriven for å nyttast i undervisninga i faget. Tilpassingsgraden og relevansen er difor særs høg.

Litteraturen som dekker den rettskulturelle og komparative delen av faget, er på engelsk. Dette fordi tema er transnasjonalt, og det er dermed naturleg at det vert formidla på eit språk som vert nytta på tvers av landegrenser. Det gjer det òg lettare å nytta kunnskapen på ein internasjonal arena seinare i virket som jurist.

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

 

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde og professor Søren Koch.

Administrativt ansvarlig: 3.studiear@jurfa.uib.no