Emner: JUS134 Rettshistorie og komparativ rett - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Føremålet med JUS134 Rettshistorie og komparativ rett å

(I) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering.

Vidare å

(II) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, finske, engelske,franske og tyske rettskulturen.

Og

(III) å kunna analysera, forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

I JUS134: Rettshistorie og komparativ rett skal studentane (1) få kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei 6 rettskulturelle strukturane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane (2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei 6 rettskulturelle strukturane stå i sentrum Deretter skal studentane (3) få kunnskap om den norske, finske, engelske, franske og tyske rettskulturen når det særleg gjeld særleg dei 6 rettskulturelle strukturane.

 

Kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i pensumlitteraturen:

(1) Rettskultur

(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

 

(3) Komparativ rett: den norske, finske, engelske, franske og tyske rettskulturen

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".
  2. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.
  3. Kursgodkjenning eldast ikkje.

 

Kvar student skal i løpet av JUS134 Rettshistorie og komparativ rett levera 3 obligatoriske arbeidsgruppeoppgåver til godkjenning. Følgjande krav må vera innfridde for at oppgåvene skal verta godkjent:

 

Kvar student skal i løpet av JUS134 Rettshistorie og komparativ rett kommentera 2 x 3 arbeidsgruppeoppgåver skrivne av andre medlemmar av arbeidsgruppa. Følgjande krav må vera innfridde for at kommenteringa skal verta godkjent:

 

Dersom storgruppeleiar er i tvil om krava til arbeidsgruppeoppgåve eller kommentarar er oppfylt, skal vedkomande oversenda materialet til den fagansvarlege som skal treffa skriftleg grunngjeve vedtak. Den aktuelle student vil deretter verta kontakta av den administrativt ansvarlege for 3. studieår, som opplyser om vedtaket. Det skriftlege vedtaket skal deretter gjerast tilgjengeleg for studenten ved personleg overlevering, som vedlegg til skjermbrev, eller ved postsending.

Vurderingsformer

Etter kurset vert det avlagt ein heimeeksamen. Oppgåvene skal leverast elektronisk i Inspera.

 

Ordgrensa er 5000 ord.

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikkje bestått

 

Litteraturliste

Storparten av hovudlitteraturen til JUS134 Rettshistorie og komparativ rett er skriven for å nyttast i undervisninga i faget. Tilpassingsgraden og relevansen er difor særs høg.

Litteraturen som dekker den rettskulturelle og komparative delen av faget er på engelsk. Dette fordi tema er transnasjonalt, og det er dermed naturleg at det vert formidla på eit språk som vert nytta på tvers av landegrenser. Det gjer det òg lettare å nytta kunnskapen på ein internasjonal arena seinare i virket som jurist.

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

 

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde

Administrativt ansvarlig: 3.studiear@jurfa.uib.no