Emner: JUS134-KINA Rettshistorie og komparativ rett med særskilt fokus på kinesisk rettskultur - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Emnet har plass til inntil 15 studentar. Plassane på JUS134-Kina blir tildelte gjennom loddtrekning blant dei interesserte. Inntil 5 av plassane kan tildelast til studentar som kan dokumentere tidlegare erfaring frå Kina eller ei særleg interesse for Kina og kinesisk rett. For å kunne bli tildelt plass på særskilt grunnlag, må studentane enten ha kinesisk språkkompetanse på eit visst nivå, eller dei må ha formalkompetanse om kinesisk kultur, historie, eller samfunnsliv. Erfaring frå Kina i form av lengre opphald i landet kan også vere tilstrekkeleg.

Søknadsfrist er 21. november. Nærare informasjon blir kunngjort i MittUiB.

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet i Bergen og Renmin University Law School i Beijing.

Mål og innhald

Føremålet med emnet JUS134-Kina er å sette studentane:

(i) i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering.

(ii) i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske rettshistoria og gjeldande rettskulturen, og i den kinesiske rettskulturen.

(iii) i stand til å analysera, forklara og diskutera både historiske og pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og å relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

Læringsutbyte

KUNNSKAP

I JUS134-Kina skal studentane (1) kunne demonstrere kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei seks rettskulturelle strukturane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane (2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei seks rettskulturelle strukturane stå i sentrum. Deretter skal studentane (3) få kunnskap om den gjeldande norske og kinesiske rettskulturen når det særleg gjeld dei seks rettskulturelle strukturane.

Kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i kurslitteraturen:

(1) Rettskultur

- Rett som kultur og den rettskulturelle modellen

- Danning av, og møtet mellom rettskulturar

- Rettskultur og resepsjon av rett, og særleg det rettskulturelle filter

- Ein rettskultur sine ulike nivå etter Kaarlo Tuori sin modell

 

(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

- Normskaping gjennom rettspraksis, og framveksten av en rikslovgjeving i Europa og Noreg i høgmellomalderen

- Rettsstudiet på europeiske universitet frå 1100-tallet, og korleis dette påverka den norske rettskulturen i høgmellomalderen, særleg når det gjeld metodetenking.

- Kva romarretten og kanonisk rett har hatt å seia for utviklinga av en felleseuropeisk rettskultur, ein ius commune

- Rettskjeldelærer og rettferdsideal i norsk og europeisk mellomalder

- Den rasjonalistiske naturretten i europeisk og dansknorsk rettshistorie, og det dansknorske juridiske embetsstudiet av 1736 i høve til dette

- Naturrettsbaserte rettskjeldelærer og universalisme på 1700-tallet, og sedvanebaserte nasjonale rettskjeldelærer på 1800-tallet, samt utviklinga av den særlige norske rettsrealismen

- Den deduktive metoden og det denne fekk å seia for rettspraksis frå 1700-tallet, og europeisk lovgjeving frå 1800-tallet, og så særleg framveksten av det forutbereknelege som rettferdsideal

- Det internasjonale inspirasjonsgrunnlaget for endringar av den norske rettskulturen etter mellomalderen

 

(3) Komparativ rett: den kinesiske rettskulturen

- Ein viss kunnskap om karakteristika ved og skiljet mellom common law- og civil law-tradisjonane

- Den kinesiske rettskulturen studert gjennom den rettskulturelle modellen

 

DUGLEIK

Studentane skal gjennom JUS134-Kina opparbeida seg evne til å bruka kunnskapen slik at dei kan (I) forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare skal dei (II) verta i stand til å forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske rettshistoria og den kinesiske rettskulturen. Og (III) dei skal kunna forklara og diskutera både historiske og pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

 

GENERELL KOMPETANSE

Etter gjennomført kurs, skal studentane vere i stand til å finna og bruka gjeldande rett i ein periode med rettsleg internasjonalisering der rettskulturell innsikt, tufta på rettshistorisk og komparativ kunnskap, har vorte ein del av juridisk metode som forståingsreiskapar når ein handsamar norsk rett produsert innanfor norske jurisdiksjonsgrenser, norsk rett produsert innan norske jurisdiksjonsgrenser, men med utgangspunkt i rettskjelder produsert utanfor, og norsk rett produsert utanfor norske jurisdiksjonsgrenser.

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Deltaking på førelesingane i JUS134 om norsk rettshistorie og om rettskultur haldne ved Det juridiske fakultet i Bergen, og på førelesingane som inngår i Chinese Law Summer Program ved Renmin University Law School i Beijing.

Kravet er 75 % deltaking. Retningslinjer for utrekning av obligatorisk deltaking gjeld så langt dei passar. Det vil ligge lister i auditoriet som skal signeres etter hver forelesning.

2. Kvar student skal i løpet av kurset levera inn ei arbeidsgruppeoppgåve til godkjenning, og kommentera oppgåva til to av dei øvrige medlemmene av arbeidsgruppa. Dei nærare krava til oppgåva og kommenteringa går fram av emneskildringa til JUS134.

3. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan berre takast opp att gjennom deltaking i den obligatoriske undervisningsaktiviteten i JUS134 påfølgjande år.

4. Kursgodkjenning eldast ikkje.

Vurderingsformer

Vurderinga er sett saman av to separate deleksamenar, og begge eksamenane må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Den første eksamensdelen er den avsluttande prøva som inngår i Chinese Law Summer Program ved Renmin University Law School i Beijing. Denne eksamensdelen dekkjer læringsutbyteskildringa knytta til kinesisk rettskultur.

Den andre eksamensdelen er ein heimeeksamen ved Det juridiske fakultet i Bergen. Denne eksamensdelen dekkjer læringsutbyteskildringa knytta til rettskultur og norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Oppgåva skal leverast i Inspera. Ordgrensa er sett til 5000 ord.

Karakterskala

Ved sensur av den avsluttande prøva som inngår i Chinese Law Summer Program vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Ved sensur av heimeksamen ved Det juridiske fakultet i Bergen blir karakterskalaen A til E for greidd, og F for ikkje greidd, nytta.

Fagleg overlapp

JUS134-Kina overlappar med emnet JUS134, og ein må velje eitt av desse to emna. Med omsyn til gjentak, er JUS134-Kina og JUS134 rekna som eitt emne.

Emneevaluering

I samsvar med retningsliner for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet.

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde

Administrativt ansvarlig: 3.studiear@jurfa.uib.no