Emner: KJEMDID200-P Kjemididaktikk - Vår 2017




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette kurset vil drøfte kjemien sin eigenart samanlikna med dei andre realfaga. Fordi mesteparten av det vi kallar kjemiske prosessar ikkje kan observerast direkte, vil kurset ta opp bruk av modellar til å forklare og tolke prosessar på submikroskopisk nivå. Døme frå forskjellige område (koking, hushald , vekst, degradering og korrosjon) vil bli nytta for diskutere tilnærmingar til karakterisering av kjemiske prosessar. Vidare vil kurset ta opp elevar sine kvardagsførestillingar og barrierar elever kan ha mot læring i kjemi. Kurset vil også diskutere bruk av praktisk arbeid og korleis dette kan bidra til læring hos elevar. Kurset skal hjelpe studenten å utvikle undervisning som kan fremme forståing i staden for utanåtlæring .

Læringsutbyte

Studentane skal kunne

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kjemididaktikk 18 timer forelesning

Realfagdidaktikk 10 timer forelesning 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Bestått rettleia praksis i skolen

To obligatoriske oppgåver henta frå praksis eller forelesingane (er gyldig i to påfølgjande semester)

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve knytt til forelesingane i realfagsdidaktikk (tel 25 % av samla karakter). Må vere bestått for å kunne bestå emnet.

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen (tel 75 % av samla karakter)
I PPU 2. semester tar ein to fagdidaktikkemne. Ein skal ha prosjektoppgave i det eine emnet og munnleg eksamen i det andre.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta. 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no

Institutt

Kjemisk institutt