Sentralt i emnet står forståinga av kulturelle fenomen som menneskeskapte, og forståinga av korleis kultur blir skapt, reprodusert og endra. Særleg vil emnet vise korleis kulturelle posisjonar, forståingar og moglegheiter må sjåast i samanheng med tid, stad, sosial klasse, kjønn, seksualitet, etnisitet og kropp.
Emnet legg vekt på å vise korleis moderniseringsprosessar i samfunnet har endra både kultur og sjøvforståingar, og om korleis andre kulturar alltid har påverka norsk kultur.
Emnet vil også gje studentane innblikk i korleis ein har nærma seg studiet av kultur på ulike måtar opp gjennom faghistoria, kva som var bakgrunnen for etableringa av faget og kva som er hovedtrendane i dag. Studentane vil lære at forteljing og materialitet er to sentrale tilnærmingar i faget.
Gjennom emnet vil studentane også lære om kvifor vi nyttar dei metodane vi gjer innan kulturvitskapen, og korleis metodane er en integrert del av faget si utvikling, fageige fokus og tilnærming til verda.
Kunnskapar: Ved fullført emne skal studentane ha kunnskaper om og kjenne til sentrale teoriar og debatter omkring kulturelle prosessar og kulturell endring. Dei skal også kjenne til sentrale element av faghistoria, og til metodebruk innan kulturvitskapen.
Ferdigheiter: Studentane skal kunne nytte pensum til å drøfte kompleksiteten i ulike kulturelle prosessar og analysere ulike kulturvitskapelige problemstillingar. Dei skal også kunne gjere greie for faghistoria og for ulike metodar som kan nyttast i kulturvitskapelege undersøkingar. Dei skal kunne reflektere rundt praktiske og etiske problemstillingar knytt til metodane observasjon og intervju.
Generell kompetanse: Studentane skal vise evne til å forstå både overordna problemstillingar i pensum og til å skaffe seg detaljkunnskap om ulike emne.
Gjennom gruppearbeid skal studentane demonstrere refleksiv kompetanse når det gjeld tilnærming til feltarbeid og ulike forskingsfelt.
Det er obligatorisk å delta på gruppeoppgåvene.
Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.
Heimeeksamen på 7 dagar. Svare skal vere på ca. 3000 ord. I tillegg er det justerande munnleg eksamen (maksimalt justering er éin karakter)
Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.
Det vert utarbeidd felles pensumliste på 1200 - 1500 sider.