Emner: KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

 

Undervisningssemester

Vår.

 

Undervisningsstad

Bergen.

 

Mål og innhald

Læringsmål

KUVI106 tek sikte på å gje ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.

Fagleg innhald

KUVI106 rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.

Ferdigheiter

Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.

Generell kompetanse

Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet. 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

 

Studiepoengsreduksjon

KUVI256

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skriva to oppgåver med oppgitte emne. Kvar oppgåve skal vera på om lag 1200 ord. Faglærar gir skriftlege tilbakemeldingar på oppgåvene. Fristar for innleveringar blir kunngjort på Mitt UiB. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen og ei justerande munnleg prøve. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3000 ord. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no