Kunnskapar:
Ved fullført emne har studenten kunnskapar om metode og om korleis eit forskingsarbeid kan gjennomførast. Studenten har også kunnskapar om sentrale teoriar og forsking innan den sjølvvalde tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten kan utvikle, avgrense og formulere fruktbare kulturvitskaplege problemstillingar innan temaet. Studenten har ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og empiri som er relevant for problemstillinga. Vidare kan studenten demonstrere ferdigheiter i metode, analysere forskingslitteratur/empiri, gjengi og vere i dialog med forskingslitteraturen og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette, formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Studenten viser evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere eit fagleg akademisk arbeid
Undervisninga skjer gjennom omkring 15 førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av bacheloroppgåva.
Undervisninga vil fokusere på oppgåveskriving, metode og kulturvitskapleg analyse. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.
Det er obligatorisk å delta på undervisninga. Det er også obligatorisk å møte til individuell rettleiing, og følgje planen for rettleiing. Planen vert kunngjort ved semesterstart.
Rettleiar skal godkjenne pensumlista.
Studenten må få godkjent aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen.
Rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) med justerande munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord.