Emner: LAT102 Latin: Prosa og grammatikk I - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

 

 

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: emnet gjer auka kunnskap i latin med vekt på sikker meistring av elementa i formlæra og av det sentrale ordtilfanget, men også økt kunnskap om syntaks.

Innhald: Lesing av lettare originaltekst frå latinsk gull- og sølvalder. Det er førelesningar om syntaks, formlære, og tekstens historiske bakgrunn.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har økt kjennskap til latinsk språk og grammatikk.

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok

- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.

- omsetje enkle norske setningar til latin.

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan

- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk

- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har kunnskapsnivå tilsvarande latin frå vidaregåande skule eller LAT100.

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar (i praktisk språkmeistring, m.a. gjennom omsetjing til latin, og i bruk av ordbok).

 

Omlag 48 timar, tre gonger i veka første halvdel av semesteret.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein pensumtekst frå latin med ordbok, svare på grammatiske spørsmål og omsetje enkle setningar frå norsk til latin.

Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

 

 

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på til saman omlag 40 sider latinske originaltekst frå romersk gullalder (t.d. Caesar, De Bello Gallico) Dessutan inngår hovuddraga av formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den romerske litteraturhistoria.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no