Mål: emnet gir økt kunnskap i latinsk ordforråd, formlæra og syntaks, og eit oversyn over den romerske gullalderens litteratur- og kulturhistorie.
Innhald: Lesing av sentral prosatekst frå latinsk gullalder (t.d. Cicero). Det er førelesningar om syntaks, formlære, og tekstens historiske bakgrunn.
Kunnskapar
Kandidaten har
- økt kjennskap til latinsk språk og grammatikk,
- innsikt i det romerske samfunnet og litteraturen under gullalderen.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.
- omsetje enkle norske setningar til latin.
- Gjere greie før dei viktigaste romerske forfattarane, politikarane, og hendingane i det første hundreåret f.Kr.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til latin.
Om lag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Ingen.
Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.
Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no