Bachelor
Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.
Emnet tilbyr eit studium av eit utval talar og retoriske og filosofiske skrifter av Cicero (106-43 f. Kr.). Også filosofiske tekstar av Seneca (4-65 e. Kr.) kan inngå i studiet. Det blir vidare gitt ei innføring i den klassiske retorikken si historie, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.
Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10.
Undervisninga blir gitt i form av eit skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.
Ein enkelttime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå norsk til latin med ordbok og svare på spørsmål frå andre delar av pensum
Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
.
Karakterskala A-F.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no