Emner: LAT251 Latin: Romersk historieskriving med bacheloroppgave - Vår 2017
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Undervisninga blir normalt gitt i vårsemesteret.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet omfattar lesing av eit utval av tekstar frå dei romerske historikarane Sallust (ca. 86-35 f. Kr.), Livius (ca. 60 f. Kr.-17 e. Kr.) og Tacitus (ca. 55-120 e. Kr.). Andre romerske historikarar kan dragast inn. Det blir óg gitt ei innføring i overleveringshistorie og tekstkritikk.
Læringsutbyte
Studentane skal få større kjennskap til den romerske litteraturhistoria, med særleg vekt på dei forfattarane og genrane som blir lesne, og til romersk historie.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Som forkunnskapar i latin rår ein til at studentane har avlagt eksamen i minst 3 av latinemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
LAT251 overlappar med LAT201 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.
26 timar (ein dobbelttime i veka).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk rettleiing knytt til bacheloroppgåva.
Vurderingsformer
Ei bacheloroppgåve under rettleiing og munnleg eksamen. Bacheloroppgåva må ha blitt godkjend for at kandidaten skal kunne gå opp til munnleg eksamen. Endeleg sensur blir gitt etter munnleg eksamen. Det blir gitt ein samla karakter på oppgåva og den munnlege eksamenen.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 100 sider latinsk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av overleveringshistorie og tekstkritikk, og av romersk historie.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no