Logikk er studiet av logiske tilhøve mellom setningar, til dømes at eit sett av setningar er konsistent, eller at ein bestemt konklusjon følgjer frå eit sett av premissar. I formallogikken studerer ein tilhøve mellom setningar som avheng av deira logiske form.
LOG110 skal gi studentane ei innføring i grunnleggande delar av formallogikken. Det blir gitt ei innføring i setningslogikk og førsteordens predikatlogikk, med vekt på omsetting frå naturleg språk til formallogisk språk og på bruk av sanningstabellar (i setningslogikken) og tre-metoden (i både setnings- og predikatlogikk) som bevissystem.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i sentrale omgrep i setningslogikk og førsteordens predikatlogikk.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane meistre omsetting frå naturleg språk til setningslogisk og predikatlogisk språk. Dei skal òg meistre bruk av sanningstabellar i setningslogikken og tre-metoden i setnings- og predikatlogikk.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk eller informasjonsvitskap.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Studentar må gje skriftleg svar på 2 oppgåver med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet.
Studentar skal delta på minst 75% av seminara. På seminara skal studentane presentere løysingar på oppgåver.
2 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no